Analyser setningane og set det indirekte objektet i dativ.
Akkusativ (direkte objekt)
Det direkte objektet i setninga får kasus akkusativ. Akkusativobjektet er den eller det i setninga som blir utsett for noko. Det som ein t.d. har, får, kjøper eller ser i ei setning, er akkusativ. Akkusativ blir dessutan alltid brukt etter ei gruppe preposisjonar som styrer akkusativ: durch, für.
Døme:
Der Junge singt das/ein Lied. |
Guten syng songen / ein song. |
Die Frau spielt die/eine Gitarre. |
Dama speler gitaren / ein gitar. |
Das Kind isst den/einen Kuchen. |
Barnet et kaka / ei kake. |
Die Schüler lesen das/ein Buch. |
Elevane les boka / ei bok. |
Legg merke til at på tysk blir den bestemte artikkelen der endra til den når ordet står som akkusativobjekt, og den ubestemte artikkelen ein (når han står for eit hankjønnsord) blir endra til einen. Artiklane die og das, eine og ein (når ein står for eit inkjekjønnsord) endrar seg ikkje.
Døme:
SN |
V |
DOA |
Jeg skriver et brev. |
Ich schreibe einen Brief |
Dativ (indirekte objekt)
Dativ er den tredje kasusen vi lærer på tysk. Dativobjektet eller indirekte objekt er den eller det i setninga som man gjer noko til eller for.
Når vi analyserer ei setning, finn vi først verbet (V), subjektet som står i nominativ (SN) og det direkte objektet i akkusativ (DOA). Så spør vi: til/for kven + V + S + DOA. Svaret du eventuelt får, er indirekte objekt i dativ, IOD.
Eksempel:
Der Vater schreibt der Mutter einen Brief. |
Faren skriv eit brev til mora. |
Die Frau kauft dem Kind eine Jacke. |
Dama kjøper ei jakke til barnet. |
Der Schüler bringt dem Lehrer das Buch. |
Eleven hentar boka til læraren. |
Legg merke til at dativobjektet står føre akkusativobjektet på tysk. Vi kan forklare denne ordstillinga med at personen er viktigast, og derfor kjem personen føre saka. På norsk kan vi også ha denne ordstillinga, men da utelèt vi til eller for: Faren skriv mora eit brev.
Forkortingane vi bruker:
SN = Subjektet i nominativ |
V = Verbalet |
|
DOA = Direkte objekt i akkusativ |
IOD = Indirekte objekt i dativ |
PUD = Preposisjonsuttrykk i dativ |